lørdag 15. juni 2013

Hornelen 12.06.2013

Hornelen (860 moh.) ligg i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane og er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa. I eldre tider kalla ein gjerne fjellet Smalsarhorn. Mange segner er knytt til dette fjellet og ifylgje nokre av desse er det ein samlingsstad for hekser både jonsokaftan og julaftan. Om den norske kongen Olav Tryggvason er det sagt at han var ein dugande idrettsmann. Han skal ha klatra opp bratthenget på Hornelen.
Hornelen har lenge vore brukt som landemerke for skip som fór forbi. I fjellet er det ei stor steinblokk ein er redd skal rase ut i sjøen. Båtar som passerar skal av den grunn ikkje gje fløytesignal.
Frå Berleneset er det om lag 4 timar gangtid til toppen.



Vasslidvatnet i Førdsdalen, Ålfoten 08.06.2013